← Back to team overview

ubuntu-l10n-no team mailing list archive

Re: [i18n-nn] Korrekturlesing av Ubuntu sin installasjonsvegvisar

 

Eg har no lasta opp nokre tekstar som ikkje kom med i går, samt lagt til eit par forslag frå Alexander Jansen. Til orientering er «[nbsp]» i tekstane ein markør for harde mellomrom. Lenkje til fila som treng korrekturlesing:

https://translations.launchpad.net/ubuntu/bionic/+source/ubiquity/+pots/ubiquity-debconf/nn/+translate

Ein kan arbeide med omsetjinga direkte frå Launchpad, men eg synest det er meir effektivt å laste ned PO-fila, redigere ho lokalt, og laste ho opp igjen. Ulempa er at fila må gjennom ei godkjenning som tek ca. ein time, og uklare («fuzzy») tekstar kjem *ikkje* med.


Den 31. juli 2018 00:05, skreiv Øystein Steffensen-Alværvik:
Hei,

Er det nokon som kan tenke seg å hjelpe til med å korrekturlese installasjonsvegvisaren til Ubuntu? Eg har omsett ferdig dei resterande tekstane og korrekturlest ein del, men sidan dette er ein viktig del av Ubuntu hadde det vore fint med fleire auge. Eg legg ved PO-fila eg har omsett. Ho kan eventuelt lastast ned frå Launchpad, viss det er enklare: https://translations.launchpad.net/ubuntu/bionic/+source/ubiquity/+pots/ubiquity-debconf/nn/+export

Endringar må uansett lastast opp til Launchpad, men kanskje er det fint å sende dei til listene først for gjennomgang (viss denne e-posten når fram er det muleg). Eg veit ikkje om Launchpad har ein funksjon for å samanlikne endringar.



_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
i18n-nn@xxxxxxxxxxxxxxxxxx
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn

--
Helsing,

Øystein Steffensen-Alværvik


References