ubuntu-l10n-no team mailing list archive
-
ubuntu-l10n-no team
-
Mailing list archive
-
Message #00048
Oppstraumskommunikasjon, GNOME og retting av nynorskomsetjingane
Hei og hå, omsetjarar!
De gjør ein utruleg bra jobb, og det er på tide å få meir kommunikasjon
og fellesskap kring det. Ingen tvil om at vi har noko å hente der. Vi
skal ikkje ta opp alt i den her første e-posten, men varme opp med desse
punkta:
1. Oppstraum/nedstraum
3. GNOME treng folk
2. Nynorskvask i Ubuntu
1. Det første eg vil ta opp, er kommunikasjon mellom oppstraumsprosjekt
og nedstraumsprosjekt. Som mange av de veit, nyttar Ubuntu størstedelen
av pakker frå andre prosjekt. The Gnome Project er eit godt døme. For å
unngå at det same omsetjingsarbeidet blir gjort to gonger, er det viktig
med god kommunikasjon mellom oss (nedstraums) og dei (oppstraums). Den
føretrekte metoden for å omsetje applikasjonar, er å gjera omsetjinga
oppstraums, så alle andre distroar kan dra nytte av det [1].
Omsetjingane blir så importerte inn i Launchpad og Ubuntu. Viss nokon
har ei oversikt over desse prosjekta, er det fint om ho kan bli posta
her.
2. The Gnome Project, som står for mange av pakkene våre, er rimeleg
ajour med bokmålsomsetjingane, men er underbemanna når det kjem til
nynorsken [2]. Vil eit par frivillige nynorskingar melde seg? Å dele
medlemmer med GNOME er vi veldig tente med, og å hjelpe GNOME vil ha
innverknad for veldig mange! Send ein e-post åt
i18n-no@xxxxxxxxxxxxxxxxxx [3] og sei du er interessert. Les òg appellen
åt Torstein A.W. på
https://bugs.launchpad.net/ubuntu-translations/+bug/600514/comments/9 .
3. Punktet ovanfor er ein del av løysinga til ein feilrapport posta på
det språklege nivået på nynorskomsetjingar i Ubuntu [4]. Prosjekt som
importerer omsetjingane våre blir frustrerte over det ekstra arbeidet
med å rette dei. Og vi ønskjer vel sjølv å halda eit høgt nivå på vår
favorittdistro! Feila som går att er konsekvente og enkle å rette, sjølv
om det er ein del, men ikkje moglege å rette automatisk. Vi tek
utgangspunkt i Planella sitt løysingsforslag [5], ved at vi først
kartlegg omfanget, så fordeler vi arbeidet, retter feila og samordnar
med oppstraumsprosjekta.
Aller først, for å samordne oss sjølv, vil eg gjerne ha ei
«handsopprekning» på alle flotte personar som er med på språkvasken.
Kven av dykk på e-postlista er aktive nynorskomsetjarar og kan vera med
vidare på briefing og gjennomgang av omsetjingane? Fint om alle gir lyd
frå seg, slik at vi får oversikt.
Ei lita oppsummering:
a) Har nokon ei liste over oppstraumsprosjekta i Ubuntu sin pakkebrønn?
b) GNOME treng eit par frivillige nynorskingar.
c) Status på nynorskomsetjarar. Kven er med / er ikkje med?
[1] https://wiki.ubuntu.com/Translations/Upstream
[2] http://l10n.gnome.org/teams/no
[3]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
[4] https://bugs.launchpad.net/ubuntu-translations/+bug/600514
[5]
https://bugs.launchpad.net/ubuntu-translations/+bug/600514/comments/12
Viss nokon har andre framlegg på korleis vi kan løyse dette best mogleg
- berre luft dei her!
På førehand takk!
--
Ole Andreas Utstumo
Ubuntu Norwegian Translators, admin