ubuntu-l10n-no team mailing list archive
-
ubuntu-l10n-no team
-
Mailing list archive
-
Message #00051
Re: E-infinitiv på nynorsk
Andreas Nesdal <asnesdal@xxxxxxxxx> skreiv Wed, 09 Mar 2011 19:28:56 +0100
Eg har eit framlegg til endring av retningslinjene; å bruke e-infinitiv
i staden for a-infinitiv i nynorske omsetjingar.
E-infinitiv vert meir og meir utbreidd, og det er det
oppslagsverk/ordbøker og dei fleste offentlege nettstader brukar. Eg
har inntrykk av at a-infinitiv gjev eit litt konservativt og «tungt»
preg for mange nynorskbrukarar, >kanskje særleg for unge. Eg har
opplevd at nye brukarar til Ubuntu heller vel bokmål enn nynorsk, på
grunn av dette. Ein grunn kan vere at dei aller fleste kjem frå
Windows, der det er e-infinitiv både på nynorsk og >bokmål, og derfor
opplevast a-infinitiven som tung og kanskje gammaldags. Mesteparten av
læreverka i grunnskulen brukar òg e-infinitiv, til dømes bøkene frå
Gyldendal og Cappelen.
I høve språkvasken vi skal i gang med, kunne det vore lurt å vurdere
dette. Eg har lagt merke til at mange av dei noverande
nynorskomsetjingane inneheld ei blanding av e-infinitiv og a-infinitiv.
Hadde det ikkje då >vore mogleg å gå over til e-infinitiv i nye
omsetjingar, og etter kvart endre gamle omsetjingar med a-infinitiv til
e-infinitiv? Eg ser føre meg at det ville ha gjort det meir attraktivt å
velje nynorskomsetjinga.
Med helsing
Andreas Nesdal
Eg trur ikkje det er avgjerande for val av nynorsk om det er a- eller
e-infinitiv. Krafta til nynorsk er at skriftmålet er basert på talemålet.
Nokre stader er det naturleg å nytta den eine varianten, andre stader den
hin. Det aller viktigaste er ikkje infinitivsforma, men at det er høg
kvalitet på omsetjingane.
Alt eg set om kjem med a-mål. Det vil eg nok halda fram med ;-)
--
- Yngve Spjeld Landro
nynorsk er bra for deg ;-)
References