← Back to team overview

ubuntu-l10n-no team mailing list archive

Re: E-infinitiv på nynorsk

 

on. den 09. 03. 2011 klokka 19.28 (+0100) skreiv Andreas Nesdal:

> Eg har eit framlegg til endring av retningslinjene; å bruke
> e-infinitiv i staden for a-infinitiv i nynorske omsetjingar.
> 
> E-infinitiv vert meir og meir utbreidd, og det er det
> oppslagsverk/ordbøker og dei fleste offentlege nettstader brukar. Eg
> har inntrykk av at a-infinitiv gjev eit litt konservativt og «tungt»
> preg for mange nynorskbrukarar, kanskje særleg for unge. Eg har
> opplevd at nye brukarar til Ubuntu heller vel bokmål enn nynorsk, på
> grunn av dette. Ein grunn kan vere at dei aller fleste kjem frå
> Windows, der det er e-infinitiv både på nynorsk og bokmål, og derfor
> opplevast a-infinitiven som tung og kanskje gammaldags. Mesteparten av
> læreverka i grunnskulen brukar òg e-infinitiv, til dømes bøkene frå
> Gyldendal og Cappelen.
> 
> I høve språkvasken vi skal i gang med, kunne det vore lurt å vurdere
> dette. Eg har lagt merke til at mange av dei noverande
> nynorskomsetjingane inneheld ei blanding av e-infinitiv og
> a-infinitiv. Hadde det ikkje då vore mogleg å gå over til e-infinitiv
> i nye omsetjingar, og etter kvart endre gamle omsetjingar med
> a-infinitiv til e-infinitiv? Eg ser føre meg at det ville ha gjort det
> meir attraktivt å velje nynorskomsetjinga.
> 
> 
> Med helsing
> Andreas Nesdal 
> 
> _______________________________________________
> Mailing list: https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no
> Post to     : ubuntu-l10n-no@xxxxxxxxxxxxxxxxxxx
> Unsubscribe : https://launchpad.net/~ubuntu-l10n-no
> More help   : https://help.launchpad.net/ListHelp


Er det fleire meiningar om det her?

Absolutt eit viktig innspel, og andre medlemmer har òg gitt uttrykk for
det same. Framlegget om endring av dei felles retningslinjene vart teken
opp på e-postlista for omsetjing av fri programvare[1] i fjor, utan noko
medhald. Som det vart skriven som svar: 

«Normalen er utforma for å gje eit moderne, munnlig, enkelt og «norsk»
språk». [...] Alle omsettarane vil nok finna former som avvik frå deira
favorittformer, og det som er naturlig ut frå deira målføre, men dei
språklige retningslinjene reflekterer former som bør vera akseptable for
dei fleste brukarane.»

Det er ingen løyndom at nynorsken har sterkast fotfeste på vestlandet,
kor a-infinitiv er ein lang tradisjon i større og mindre grad. For ein
felles nynorsknormal for heile landet, er det nok viktigare at dei som
nøler i valet av nynorsk i Ubuntu, føler seg komfortable med språket.
Viss det er slik at infinitivsendinga får folk til å steile, så håpar eg
dei a-infinitiv-førande av oss kan tola e-infinitiv, og fleire vil få
glede av omsetjinga som blir gjort. 

Argumentet som talar mest i mot, og nok til at det ikkje kjem til å bli
noko endring no, er tilgangen av ressursar. Å endre alle omsetjingar
manuelt til e-infinitiv vil vera eit enormt arbeid, og vi slit allereie
med å omsetje Ubuntu til eit akseptabelt nivå. Vi vil da ha måtta endra
på alle omsetjingar som kjem frå oppstraumsprosjekt som følgjer
retningslinjene, og skapt ekstra arbeid og irritasjon for dei som vil
importere omsetjingane våre inn i sine prosjekt. Skal infinitivsendring
vera aktuelt, treng vi nok eit skript som er i stand til å gjera jobben
for oss. Berre meld interesse her.

Inntil vidare fortset vi med a-infinitiv, og eg håpar det ikkje betyr at
nokon legg inn årene. Fint om fleire kan undersøkjer med folk kva dei
meiner, så lèt vi døra stå på gløtt. 

Med beste helsing
Ole Andreas Utstumo
Ubuntu Norwegian Translators, admin

[1]
http://permalink.gmane.org/gmane.comp.internationalization.norwegian/6124

References