← Back to team overview

ubuntu-l10n-no team mailing list archive

E-infinitiv på nynorsk

 

Eg har eit framlegg til endring av retningslinjene; å bruke e-infinitiv i
staden for a-infinitiv i nynorske omsetjingar.

E-infinitiv vert meir og meir utbreidd, og det er det oppslagsverk/ordbøker
og dei fleste offentlege nettstader brukar. Eg har inntrykk av at
a-infinitiv gjev eit litt konservativt og «tungt» preg for mange
nynorskbrukarar, kanskje særleg for unge. Eg har opplevd at nye brukarar til
Ubuntu heller vel bokmål enn nynorsk, på grunn av dette. Ein grunn kan vere
at dei aller fleste kjem frå Windows, der det er e-infinitiv både på nynorsk
og bokmål, og derfor opplevast a-infinitiven som tung og kanskje gammaldags.
Mesteparten av læreverka i grunnskulen brukar òg e-infinitiv, til dømes
bøkene frå Gyldendal og Cappelen.

I høve språkvasken vi skal i gang med, kunne det vore lurt å vurdere dette.
Eg har lagt merke til at mange av dei noverande nynorskomsetjingane inneheld
ei blanding av e-infinitiv og a-infinitiv. Hadde det ikkje då vore mogleg å
gå over til e-infinitiv i nye omsetjingar, og etter kvart endre gamle
omsetjingar med a-infinitiv til e-infinitiv? Eg ser føre meg at det ville ha
gjort det meir attraktivt å velje nynorskomsetjinga.

Med helsing
Andreas Nesdal

Follow ups