ubuntu-l10n-no team mailing list archive
-
ubuntu-l10n-no team
-
Mailing list archive
-
Message #00053
Nokre vanlege språktabbar
Hei, alle saman
Vi er no i gang med språkvasken av nynorskomsetjingane i Ubuntu[1].
Feila vi rettar på er konsekvente, og det skal ikkje mykje til for å
forbetre omsetjinga til norsk. Ofte er ikkje alle klare over
retningslinjene, andre feil er berre generelle fillefeil. Eg oppmodar
alle til å lesa gjennom dette, sjølv kor sikre de kjenner dykk.
For både bokmål og nynorsk:
- Dette er det enklaste. Verb i imperativ har ikkje noko aksentteikn.
Altså skal «installér» og «redigér» vera «installer» og «rediger».
Berre for nynorsk:
- Enda ein enkel regel. «bli / blir / blei / blitt» er jamstelt med
«verta / vert / vart / vorte» i ordboka, men vi bruker altså den siste:
«å verta».
- Vi skriv med a-infinitiv. «Skrive», «installere» og «kopiere» blir til
«skriva», «endra» og «kopiera». Eg veit det her kjennest uvant for
nokon, men blir ei vane, sjølv for inngrodde austlendingar som meg.
- Verb i ast-form (passiv) kan ikkje stå utan modalt hjelpeverb.
«Partisjonen formaterast for å blabla...» er feil. Her kan ein heller
skrive «Partisjonen vert formatert for å blabla...». Desse verba må
ikkje forvekslast med st-verb. Les gjerne om regelen på Språkrådet sine
sider.
- Samsvarsbøying er det siste punktet, og kanskje det mest innfløkte. Vi
bruker full samsvarsbøying. «%s pakkar vart installert» skal vera «%s
pakkar vart installerte», og « Språkrådet har ei side på det, ikkje den
mest oversynlege, men litt rask googling gir meir hjelp.
Alle feil de kjem over i omsetjingane på den første sida er det fritt
fram for å rette. Finn du feilen lenger bakover er det best om du
varslar oss på e-postlista her. Dette har med oppstraum/nedstraum å
gjera (nærare forklaring på førespurnad).
Fleire av desse feila har eg gjort sjølv, så alle er tilgjevne. Det er
berre å ta det til etterretning, så kan vi konsentrere oss fullt om nye
omsetjingar. Når de bruker mykje av tida dykkar på omsetjing, er det
leit at det skapar hovudbry.
Fortset det flotte arbeidet!
Med beste helsing
Ole Andreas Utstumo
[1] https://lists.launchpad.net/ubuntu-l10n-no/msg00048.html